Are Kalvø. Kjøp billetter & hotell i Stavanger - Showpakker.no Hopp til hovedinnhold
Promobilde for Are Kalvoe hotellpakke med billetter

Are Kalvø-billetter & hotell i Stavanger



Sted: Stavanger konserthus, Zetlitz

Dato:

Pris: Billett og hotell pr pers. fra kr 1305,-

START DIN BESTILLING

Gode billetter

De beste hotellene

Rimelige pakkepriser

Enkel bestilling

Are Kalvø inntar Stavanger Konserthus 30. august. Sikre deg showpakke med billetter nå!

Are Kalvø har vore komikar i ganske mange år. Han har levd i endå fleire år. Og i alle dese åra er det ein konflikt som alltid vender tilbake: By mot land. Slike konfliktar har skapt dårlig stemning så lenge Kalvø har levd, på ulike måtar, både i Norge og i andre land: Sentrum mot utkant. Elite mot folk.

Tida er inne for å legge desse konfliktane bak oss og heller bruke tida vår på å løyse dei store problema i verden.Tida er inne for å bygge bru mellom by og land. Og bli ferdig med dette, ein gong for alle.

Og kven er vel ein meir naturlig brubyggar enn nettopp Are Kalvø? Han har eitt bein i kvar leir. Han vaks opp på bygda, han bur i by. Han er ein storbyelskar som skriv nynorsk og snakkar dialekt. Han kan forstå og snakke med begge sider. Kanskje til og med like begge sider.

For å verkelig sette seg inn i kva slike konfliktar handlar om, har Kalvø budd i ein månad i Europas største by London, ein bråkete, forvirrande, sjølvfornøgd og altfor stor metropol i elitetenkingas heimland, og ein månad i Norges minste kommune Utsira, ei øy utan fastlandsforbindelse, med to hundre innbyggarar på ein god dag, og stort sett stiv kuling. Han har levd med veganarar med sykkelhjelm og fiskarar med termodress, han har snakka om motor og moderne dans, han har mista ferjer og håp. Men han har klart seg. Og han har gjort det for oss.

No er han tilbake for å fortelje. Og bygge bru. Og viss ikkje det går, for å slå fast ein gong for alle: Kva er best, by eller land?

Are Kalvø har skrive og framført humor og satire på mange ulike måtar i mange år. Han har turnert kulturhus-Norge før, og liker det svært godt, med sine tre soloforestillingar «Kalvø – ein time av livet du aldri får tilbake»(Komiprisen 2015), «Toppar VG-lista» og «Hyttebok frå helvete», basert på boka med same namn, som toppa bestseljarlistene i Norge i tretti veker og er omsett til tolv språk. Han har også skrive fleire andre storseljande humorbøker, som «Syden», «Harry» og «Bibelen 2».
 
Are Kalvø gleder seg hemningslaust til endelig å legge ut på ein turné med stoff som faktisk handlar om absolutt alle plassane han er innom på turneen.

"Berre bønder lengtar heim" blir ein kjempefest og eit show du garantert må få med deg i Stavanger hausten 2024. Kjøp full pakke med billettar, hotellrom og frokost på Showpakker.no! 

30

Aug

2024

Are Kalvø

fre. 19.00

Stavanger konserthus, Zetlitz - Stavanger

Stavanger konserthus, Zetlitz

Stavanger

Hvorfor velge Showpakker.no
Gode billetter
Gode billetter

Vårt tette samarbeid med scenene gir deg gode plasser i salen.

De beste hotellene
De beste hotellene

Våre hotell er håndplukket for å gi deg topp komfort og kortest vei til scenene.

De beste prisene
Rimelige pakkepriser

Våre showpakker sikrer deg gunstige priser.

Andre populære Stavanger