Det Norske Teatret set opp alle tre delane av Kristin Lavransdotter i ei 8-timars framsyning!
Knapt nokon annan norsk litterær skapnad har rørt så mange generasjonar av lesarar som Kristin Lavransdotter. Alle dei tre bøkene – Kransen, Husfrue og Korset kan du no sjå som maratonframsyning på åtte timar!
Kristin, dotter av storbonden Lavrans, er hovudpersonen i Sigrid Undsets rike romanverk med handlinga lagt til mellomalderen. Vi følgjer Kristin frå ho som lita jente lever bekymringslaust på garden Jørundgard, til ho som nonne slåst mot den grufulle nye pesten svartedauden på Rein Kloster på Fosen. Livet til Kristin inneheld alt frå lyst og begjær og tru og tvil, til trass og skam.
Forelskingas makt, lidenskapen, barnefødslane, foreldreskapets utfordringar, ansvaret, oppgjeret med den lettsindige ektemannen, forsoninga, skuldkjensla og fred med Gud – Kristin slit seg gjennom eit liv med store svingingar.
Varighet : Ca 8 timar
Med Sara Khorami og Preben Hodneland
Regi av Kjersti Horn
Kristin Lavransdotter - Det Norske Teatret 2022
Vis flere datoer >>
Vis færre datoer >>
Hvorfor velge Showpakker.no
Gode billetter
Vårt tette samarbeid med scenene gir deg gode plasser i salen.
De beste hotellene
Våre hotell er håndplukket for å gi deg topp komfort og kortest vei til scenene.