Kvinna i svart
Teater
-
Det Vestnorske Teateret
Pris fra 1060,-
pr pers for billett, hotell og frokost
Gode billetter
Billig, raskt og enkelt
De beste hotellene
Få hjelp pr epost/tlf
Grøssaren "Kvinna i svart" blir eit av haustens høgdepunkt i Bergen. Sikre deg hotellpakke med billattar no!
"Underholdende skrekkteater. Ikke så rent lite humor heller" (BA)
Knallsuksess frå London
Haustesesongen på Det Vestnorske Teateret opnar med ein grøssar av Susan Hill og har premiere fredag den 13. september. Stykket gjekk kontinuerlig i 13 232 framsyningar i London frå urpremieren i 1989 til 2023, og blei det nest lengst spela teaterstykket i London etter Musefella av Agatha Christie, og er ein av dei største og mest skremmande suksessane innan britisk teater.
Litt om handlinga
Ein advokat er besett av ei forbanning som han meiner har blitt kasta over han og familien hans av spøkelset av Kvinne i svart. Han betaler ein skeptisk ung skodespelar til å hjelpe han med å fortelle den skremmande historien hans, og drive ut frykta som har tatt eit grep om sjela hans. Det byrjar uskyldig nok, men etter kvart, når dei kjem lengre inn i dei mørkaste minna hans, finn dei seg fanga i ei verd av nifse våtmarker og ulande vindar.
Skumlare enn nokon skrekkfilm
Dette er ei framsyning som feirer teateret sin evne til å dra publikum inn i ein fiksjon – og er skumlare enn nokon skrekkfilm!
Teatersjef Thomas Bye ved DVT har sjølv sett framsyninga heile 7 gonger i London – og han elskar ho! - Det er det skumlaste eg nokon gong har sett, seier Thomas. Teatersjefen såg stykket for første gong då han gjekk på Statens teaterhøgskole i lag med Cato Skimten Storengen, Øystein Martinsen (som skal spele i stykket) då dei var på studietur til London i 2003, og der alle fekk seg ei solid skrekkoppleving!
Alder frå 15 år
Varigheit: Ca 2 timar med pause.
Av Susan Hill.
Dramatisert av: Stephen Mallatratt
(originalt: The woman in black)
Det er Yngve Sundvor som har regien og som omsett stykke frå engelsk til nynorsk. Skodespelarar: Cato Skimten Storengen, Øystein Martinsen, Vilde Biserød Vengnes.