Skulerevyen
fre. 19:00
Det Vestnorske Teateret - Bergen
Show
-
Det Vestnorske Teateret
Pris fra 1205,-
pr pers for billett, hotell og frokost
Gode billetter
Billig, raskt og enkelt
De beste hotellene
Få hjelp pr epost/tlf
Skulerevyen har premiere 28. august på Det Vestnorske Teateret. Bestill hotellpakke i dag!
Skulerevyen, med Christine Hope, Thomas Bye / Anders Vårdal Gjerde, Kristoffer Egset og Eirik Risholm Velle, er haustens storsatsing på Det Vestnorske Teateret i Bergen. Dette er framsyninga for deg som har gått på skulen, har barn på skulen, burde ha tatt opp nokre fag, aldri vil setje føtene på ein skule igjen, jobbar på ein skule – eller berre elskar ein god komedie om norsk verkelegheit.
Tei stille! Sett deg ned!
Velkomen til ein lattervekkande og treffsikker komedie om skulen – den evige slagmarka mellom lærarar, elevar og foreldre!
Rett i ryggen! Finn fram matteboka!
I Skulerevyen tar vi eit humoristisk djupdykk inn i kvardagen i norske klasserom. Her møter du læraren som må navigere mellom lettkrenka elevar, skjermar i undervisninga og foreldre som enten blandar seg for mykje eller ikkje i det hele tatt.
Legg vekk mobilen! Ikkje vipp på stolen!
Kva skjer når læraren mister grepet om klasserommet? Når foreldra forventar at skulen tar over barneoppdragelsen? Og når vald og uro blir ein del av timeplanen?
Inn i skammekroken med deg!!!
Denne framsyninga set lys på utfordringane i skulen, men med ein god dose latter og treffsikker satire.
Dramatikarane:
Det Vestnorske Teateret er stolte over å ha med Olaug Nilssen, Selma Lønning Aarø og Christine Hope i utviklinga av manuset. Saman med regissør Frode Gjerløw, dramaturg på teateret Aslak Moe, og teatersjef Thomas Bye har dei sett seg som mål å favne så mykje av skulekvardagen som mogeleg. Men uansett kor sørgeleg og trist utgangspunket kan vere, har dei heile tida leita etter humoren, og tvisynet.
Skulerevyen blir ein kjempefest og ei framsyning du garantert må få med deg i Bergen hausten 2025. Kjøp komplett pakke med hotellovernatting, frokost og billettar no!
Skodespelarar:
Christine Hope, Thomas Bye / Anders Vårdal Gjerde, Eirik Risholm Velle, Kristoffer Egset
Av: Olaug Nilssen, Selma Lønning Aarø, Christine Hope, Frode Gjerløw, Thomas Bye, Aslak Moe.
Regi: Frode Gjerløw.
Scenografi og kostymdesign: Lise Christensen.
Lysdesign: Jon Eirik Sira.
Vis flere datoer >>
Vårt tette samarbeid med scenene gir deg gode plasser i salen.
Våre hotell er håndplukket for å gi deg topp komfort og kortest vei til scenene.
Våre showpakker sikrer deg gunstige priser.