God dag herr Jul
Teater
-
Det Vestnorske Teateret
Pris fra 1895,-
Hotell, billetter 1 voksen + 1 barn
Gode billetter
Billig, raskt og enkelt
De beste hotellene
Få hjelp pr epost/tlf
Familieframsyninga «God dag, herr Jul» får premiere 16. november. Sikre deg hotellpakke med billettar no!
«God dag, herr Jul» er ei varm og nær familieframsyning som passar for barn frå 5 år. Hovudpersonen Malin har nettopp flytta til Bergen med mora fordi foreldra har gått frå kvarandre. Spørsmålet er: Vil jula nokosinne bli den same?
Midt i ei forvirrande tid, med flyttekassar overalt og gåver som ikkje har blitt kjøpt, dukkar det opp det eine mysteriet etter det andre: Kvifor blinkar gatelykta? Kvifor blir nabohuset kalla for «Heksehuset»? Kvifor får Malin beskjed om at ho må spionere på naboen? Og ikkje minst; kvifor har naboen hundre juletre i stua?
«God dag, herr Jul» er full av fart og morosame karakterar, og inneheld fleire spanande mysterier.
Forteljinga er på samme tid både ei moderne- og nostalgisk juleforteljing. Forfattar Laura Djupvik borar i spørsmålet: Kva skjer med jula når vi fjernar alt det åndelege og religiøse? Ja, kva handlar jula eigentleg om?
– Alle teater bør ha ein juletradisjon. Det viser seg at eg ofte lagar teater om tru, sjølv om eg personleg er djupt ikkje-truande. Det er fascinerande å sjå kor tabubelagt det å tru på Gud har vorte, særleg blant unge. Og dette stykket handlar om ei jente som treng å tru, men ikkje tør, fortel teatersjef Thomas Bye til Bergens Tidende.
Skodespelarar i oppsetninga på Det Vestnorske Teateret er Maria Agwumaro, Reidun Melvær Berge, Kasper Skovli Botnen, Torbjørn Eriksen og Piero Issa.
Varigheit: Max 2 timar inkl. pause
Av: Laura Djupvik
Regi: Jon Tombre
Dramatisering: Thomas Bye
Scenografi og kostymedesign: Even Børsum
Dramaturg: Aslak Moe