FINN - Ein komedie av Are Kalvø. Kjøp billetter & hotell i Bergen - Showpakker.no Hopp til hovedinnhold
Promobilde for FINN - Ein komedie av Are Kalvø hotellpakke med billetter

FINN - Ein komedie av Are Kalvø



 Show


  -

Det Vestnorske Teateret

Pris fra 1215,-

pr pers for billett, hotell og frokost

START DIN BESTILLING

Gode billetter

Billig, raskt og enkelt

De beste hotellene

Få hjelp pr epost/tlf

Se komedien FINN av Are Kalvø i Bergen. Sikre deg hotellpakke nå!

FINN er ein ny komedie av Are Kalvø. Her møter vi eit galleri av menneske som prøver å rydde i bodar, forhold og fortid – med svært varierande resultat.

Med: Christine Hope, Sigmund Njøs Hovind, Anne Guri Tvedt, Jan Martin Johnsen

Alle har ei Finn-historie

Ein mann kjøper tilbake sofaen som skulle redde ekteskapet.
Ein annan sel heile platesamlinga si for å få folk på besøk.
Nokon leitar desperat etter ein designklassikar.
Medan andre sel ein meter med sjølvhjelpslitteratur.  

Kva fortel eigentleg nettstaden finn.no om oss nordmenn?

Nokon har kjøpt noko dei angrar på.
Nokon har selt noko dei aldri burde kvitta seg med.
Nokon leitar framleis etter akkurat den tingen som kan fikse livet litt.

I Are Kalvø sin nye komedie møter vi eit galleri av menneske som prøver å rydde i bodar, forhold og fortid, med svært varierande resultat. For på Finn handlar det aldri berre om ting. Det handlar om draumar, minner, håp, nostalgi, og alt vi ikkje heilt klarer å gi slepp på.

FINN er ein varm komedie om alt vi samlar på, alt vi prøver å bli kvitt, og det vi eigentlig saknar.

For kva er det eigentleg vi leitar etter?

 

OM ARE KALVØ:

Are Kalvø er ein av Noregs mest folkekjære humoristar og satirikarar. Gjennom bøker, scenetekstar, radio, podkastar og standup har han i fleire tiår fått nordmenn til å le av seg sjølve.

Han har tidlegare skrive om alt frå norske kinarestaurantar, Syden-turar og harryhandel til hyttefolk, friluftslivshysteri og den norske trongen til å vere både heilt vanleg og heilt spesiell på same tid. 

No har Are Kalvø retta blikket mot finn.no — kanskje den mest norske møteplassen av alle.

 

OM YNGVE SUNDVOR:

Yngve Sundvor er ein av dei mest erfarne og særprega teaterregissørane i landet. Gjennom fleire tiår har han laga prisvinnande og publikumsnært teater ved scenar over heile Noreg.

Sundvor er kjend for å lage teater med høg kunstnarleg kvalitet og låg terskel for publikum: Smart, leikent, varmt og fullt av forteljarglede. Sist han besøkte Det Vestnorske Teateret skremte han livet av publikum, med skrekkframsyninga Kvinna i svart. 

Med Statsteatret gjorde Sundvor norsk historie til folketeater. No tar han fatt på den kanskje mest norske historia av dei alle: finn.no.

 

Kunstnarleg lag

Av: Are Kalvø

Regi: Yngve Sundvor
Scenografi og kostyme: Even Børsum
Lysdesign: Silje Grimstad

Med: Christine Hope, Sigmund Njøs Hovind, Anne Guri Tvedt, Jan Martin Johnsen

 

12

Nov

2026

FINN - Ein komedie av Are Kalvø

tor. 19:00

Det Vestnorske Teateret - Bergen

Det Vestnorske Teateret

Bergen

13

Nov

2026

FINN - Ein komedie av Are Kalvø

fre. 19:00

Det Vestnorske Teateret - Bergen

Det Vestnorske Teateret

Bergen

14

Nov

2026

FINN - Ein komedie av Are Kalvø

lør. 18:00

Det Vestnorske Teateret - Bergen

Det Vestnorske Teateret

Bergen

Vis flere datoer >>

Hvorfor velge Showpakker.no
Gode billetter
Gode billetter

Vårt tette samarbeid med scenene gir deg gode plasser i salen.

De beste hotellene
De beste hotellene

Våre hotell er håndplukket for å gi deg topp komfort og kortest vei til scenene.

De beste prisene
Rimelige pakkepriser

Våre showpakker sikrer deg gunstige priser.

Andre populære Bergen