E16 Dødsvegen. Det Vestnorske Teateret. Kjøp billetter & hotell - Showpakker.no Hopp til hovedinnhold
Promobilde for E16 Doedsvegen hotellpakke med billettar

E16 DØDSVEGEN



Sted: Det Vestnorske Teateret

Periode: -

Pris: Billett og hotell pr pers. fra kr 1105,-

START DIN BESTILLING

Gode billetter

De beste hotellene

Rimelige pakkepriser

Enkel bestilling

Revyen "E16 Dødsvegen" får premiere 25. april på Det Vestnorske Teateret. Sikre deg hotellpakke med billettar no!

Ein rasande revy! Velkomen til musikalsk, nyskriven revy med Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve.

Møt E16: Ein veg som snirklar seg frå Bergen til Voss. Ein veg som tusenvis av bilistar køyrer kvar einaste dag; fleire med hjartet i halsen. For vegen frå Bergen til Voss har fått det ikkje spesielt hyggelege kallenamnet DØDSVEGEN. 

Når Det Vestnorske Teateret går til det merkelege skrittet å lage revy om ein veg (!), så er det fordi dette ikkje er ein vanleg veg. E16 rommar forteljinga som svært mange vestlendingar i meir eller mindre grad har kjent på: Verdiskapinga skjer på Vestlandet - pengane går til Oslo! Kvifor? Er vi mindre verdt?! 

No har ministrane igjen hatt kakefest på Arna stasjon og lova milliardar til prosjektet, men: Blir det noko av? Kan vi sleppe jubelen laus? Eller er det nok ein gong berre valflesk? Det er noko av det vi harselerer med i denne revyen. 

På scenen møter du Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve. Det blir humor, song og musikk! 

Høyr songen “E16” (tidlegare kjend som “E6” med DDE), om trailersjåføren som måtte køyre åtte timars omveg på grunn av ras, og ikkje rakk fram til KK i tide. Møt byråkratane som kjempar for at nyvegen likevel ikkje skal bli noko av. Og møt vossingen som mister alle venene sine, og held på å bli skilt, fordi ho ikkje er redd for å køyre på Dødsvegen!.   

Stykket er skrive av den svenske dramatikaren Klas Abrahamsson, som mellom anna har skrive: musikalen om Arbeiderpartiet, musikalen om den norske oljeeventyret, musikalen om IKEA - og ei lang rekkje andre prisvinnande framsyningar. 

Det Vestnorske Teateret er glade for å ha med seg den erfarne regissøren Catrine Telle. Scenografi og kostymedesign er ved Lise Christensen og koreograf er Hilde Sol Erdal. Begge har jobba mykje ved Det Vestnorske Teateret, blant anna på alle Heim-kapitla. 

Kunstnarleg lag: 

Av: Klas Abrahamsson
Omsetjar og dramaturg: Aslak Moe
Regi: Catrine Telle
Scenografi og kostymedesign: Lise Christensen
Lysdesign: Arne Kambestad
Koreografi: Hilde Sol Erdal
 

 

26

Apr

2024

Revy: E16 Dødsvegen

fre. 19.00

Det Vestnorske Teateret - Bergen

Det Vestnorske Teateret

Bergen

27

Apr

2024

Revy: E16 Dødsvegen

lør. 18.00

Det Vestnorske Teateret - Bergen

Det Vestnorske Teateret

Bergen

02

Mai

2024

Revy: E16 Dødsvegen

tor. 19.00

Det Vestnorske Teateret - Bergen

Det Vestnorske Teateret

Bergen

Vis flere datoer >>

Hvorfor velge Showpakker.no
Gode billetter
Gode billetter

Vårt tette samarbeid med scenene gir deg gode plasser i salen.

De beste hotellene
De beste hotellene

Våre hotell er håndplukket for å gi deg topp komfort og kortest vei til scenene.

De beste prisene
Rimelige pakkepriser

Våre showpakker sikrer deg gunstige priser.

Andre populære Bergen