Den utrulege historia om den kjempestore pæra
fre. 17:00
Det Vestnorske Teateret - Bergen
Teater
-
Det Vestnorske Teateret
Pris fra 2230,-
Hotell, billetter 1 voksen + 1 barn
Gode billetter
Billig, raskt og enkelt
De beste hotellene
Få hjelp pr epost/tlf
«Den utrulege historia om den kjempestore pæra» inntar Bergen i 2025. Sikre deg hotellpakke med billettar no!
Musikalen «Den utrulege historia om den kjempestore Pæra», basert på Jakob Martin Strids bok, får verdspremiere på Det Vestnorske Teateret i Bergen 20. november 2025. Den Nationale Scene og Det Vestnorske Teateret skal lage denne framsyninga saman, og vi gler oss til å oppleve denne musikalen som vi meiner er perfekt for alle som likar eventyr.
– Den er blitt ein braksuksess i Danmark og skal opp der for tredje gong til våren, fortel komponist Julian Berntzen til Bergens Tidende, og held fram: – Det er jo ein moderne klassikar, så det var rett og rimeleg at han også skulle få eit scenisk liv i Bergen. I København blir den spelt som eit skodespel med musikk. Me skal meir reindyrka musikalforma.
Når idyllen i Solby blir truga av viseborgarmeister Kvist, må katten Mitcho og elefanten Sebastian redde småbyen frå å bli ein trist plass å bu i. Med ei kjempestor pære som båt seglar dei av garde for å finne den sakna borgarmeisteren JB. På vegen møter dei sabelsvingande piratar, ein skummel sjødrage og uhyggjelege spøkelse, men òg farar som kanskje ikkje er så farlege likevel. Passar for barn frå fem år og oppover – for dette blir teatermoro for heile familien!
Det fargerike, fantasifulle og sprø universet til Jakob Martin Strid har funne vegen til mange bokhyller, og teaterversjonen av «Den utrulege historia om den kjempestore pæra» blir minst like fartsfylt og humoristisk som boka ho er basert på. I tillegg til mystikk, mot og moro, er framsyninga òg lasta med musikk av Julian Berntzen. Med andre ord så ligg alt til rette for ein pærefekt kveld på teateret.
Dramatisering og songtekstar: Anders Lundorph.
Musikk: Julian Berntzen.
Underscore, arrangement og musikkproduksjon: Kato Ådland.
Musikalen er produsert i samarbeid mellom Den Nationale Scene og Det Vestnorske Teateret, og etter avtale med Songbird Agency og Gyldendal Group Agency København.
Illustrasjon: Jacob Martin Strid. Logo: Julian Berntzen
Vis flere datoer >>
Vårt tette samarbeid med scenene gir deg gode plasser i salen.
Våre hotell er håndplukket for å gi deg topp komfort og kortest vei til scenene.
Våre showpakker sikrer deg gunstige priser.