Spynorsk-billetter & hotell i Oslo
Teater
-
Det Norske Teatret
Pris fra 1365,-
pr pers for billett, hotell og frokost
Gode billetter
Billig, raskt og enkelt
De beste hotellene
Få hjelp pr epost/tlf
"Spynorsk - The Musical" er tilbake på Det Norske Teatret i haust. Sikre deg showpakke no!

«Når vi reiser oss og gir stående applaus, har vi først og fremst hatt det morosamt» (Aftenposten)
Spynorsk - The Musical av Are Kalvø. Musikk av Ingrid Bjørnov. Ein ny musikal om demokrati, språk, pågangsmot, vaflar og draumar, og ikkje minst om Ivar Aasen, i splitter nytt og nokså uvant superheltlys.
Vi er i året 2042, der folket, etter årevis med skjerm i skulen og upålitelege politikarar, har mista gnist, glød, håp og draumar for framtida. I dette trøyttsame universet snublar ei ung kvinne over ei gamal pappeske med bøker, mellom anna ein biografi om Ivar Aasen. Kvinna - med namnet Aase Ivarsen - kjempar seg gjennom innleiinga og dei første sidene, og blir djupt imponert over det ukuelege pågangsmotet og dei skyhøge ambisjonane til den sjenerte, vestnorske språkforskaren. Utan å ha lese boka ferdig set Aase seg føre sjølv å dra i gang eit liknande prosjekt, for å vekke folket frå likegyldigheitas tunge døs. Dermed er det duka for tidenes roadtrip, med ein svært uortodoks versjon av Ivar Aasen på slep.
Spynorsk blir ein kjempefest og ei framsyning du garantert må få med deg i Oslo i 2024! Kjøp komplett pakke med billettar og hotellovernatting på Showpakker.no