Frost-musikal i Oslo. Kjøp billetter & hotell - Showpakker.no Hopp til hovedinnhold
Promobilde for Frost musikal Det Norske Teatret hotellpakke med billetter

Frost - musikalbilletter & hotell i Oslo



Sted: Det Norske Teatret

Periode: -

Pris: Hotell, billetter 1 voksen + 1 barn fra 2505,-

UTSOLGT!

Gode billetter

De beste hotellene

Rimelige pakkepriser

Enkel bestilling

Musikalen Frost kjem til Det Norske Teatret i Oslo. Sikre deg hotellpakke med billettar no!

Frost har blitt ein av dei mest populære familiekonsepta i vår tid. To spelefilmar, fleire kortfilmar og ein musikal har tatt verda med storm, medan songen «Let it go»har vorte ein av Disneys største hitar gjennom tidene. No kan du for fyrste gong oppleva tonane frå «Let it go» på ei norsk scene når musikalen blir sett opp på Det Norske Teatret i Oslo hausten 2023.

Musikalen Frost er basert på Disney-filmen med same namn og det opphavlege eventyret «Snedronningen» frå 1844 av H.C. Andersen. Det er historia om to søstre: Elsa som er isolert med ein mystisk hemmelegheit og Anna som legg ut på ei reise for å redde henne. 

Det er Vesturport Teater, med Gísli Örn Garðarsson i front, som skal skape ein ny nordisk versjon av Frost, som skal visast fram i Island, Noreg, Danmark, Sverige og Finland. Den storslåtte produksjonen er eit samarbeid mellom Vesturport, Det Norske Teatret i Oslo, Stockholm Stadsteater, Nasjonalteateret i Reykjavik og Hersingfors Stadsteater. Saman skal desse fem teatera skape ein ny sceneversjon av musikalen som opphaveleg er produsert av Disney Theatrical Productions.

Som på Broadway vil versjonen du får oppleve på Det Norske Teateret ha med musikken og songtekstane til dei Academy Award-vinnande songskrivarane Kristen Anderson-Lopez og Robert Lopez, samt manuset av den Academy Award-vinnande dramatikaren Jennifer Lee. 

Det er Ina Svenningdal og Mimmi Tamba som skal spele Anna og Elsa. Mimmi gleder seg stort til å spille en av verdens største filmidoler.

– Det kommer til å bli en skikkelig utfordring. Mange kjenner denne rollen godt. Men jeg har tenkt til å gjøre min versjon, sier hun til NRK.

Frost hentar inspirasjon frå geografiske, mytologiske og kulturelle tradisjonar i den nordiske kulturfellesskapen. Det Norske Teatret er begeistra over å kunne bringe vår eigen bakgrunn frå eventyret inn på scena i denne nye og spennande teaterstorhendinga. Frå scena får du høyre “La det gå” og “Skal vi lage snømann” saman med dei andre hit’ane frå filmen. I tillegg får du oppleva eit gjennomkomponert verk som inkluderer 12 nye songar frå dei opphavelege Academy Award-vinnande songskrivarane. Desse er skrive spesielt for sceneversjonen.

Regissør Gísli Örn Garðarsson har med seg scenograf Börkur Jónsson og kostymedesignar Christina Lovery, som vil ta i bruk heile den nordiske fargepaletten i arbeidet sitt.

Dette blir ein kjempefest for heile familien som du garantert må få med deg i Oslo 2023. Kjøp musikalpakke med hotellovernatting og billettar på Showpakker.no!

FROST - OSLO 2023

Hvorfor velge Showpakker.no
Gode billetter
Gode billetter

Vårt tette samarbeid med scenene gir deg gode plasser i salen.

De beste hotellene
De beste hotellene

Våre hotell er håndplukket for å gi deg topp komfort og kortest vei til scenene.

De beste prisene
Rimelige pakkepriser

Våre showpakker sikrer deg gunstige priser.

Andre populære Oslo