Bjarte Tjøstheim - Det går betre no | STAVANGER | Showpakker.no Hopp til hovedinnhold
Promobilde for Bjarte Tjøstheim Det går betre no Stavanger Konserthus 2019
PRIS FRA 1135,-

Per person dobbeltrom 1 natt, frokost og billett


2 personer / 1 rom

Bjarte Tjøstheim


Det går betre no


Sted: Olavshallen

Dato:

SHOW & HOTELL PR PERS. FRA 1135,-

BESTILL SHOWPAKKE

Radioprogramleiar, komikar og skodespelar Bjarte Tjøstheim teaterdebuterer med ei personleg og sjølvironisk framsyning om å leve med å frykte det aller meste.

Korleis kan ein leve av å vere komikar og utlevere seg sjølv - når ein innst inne er engsteleg av natur? Som barn blei prestesonen Bjarte korsfesta av kameratene sine i hagen til naboen på Randaberg. Denne barnelege hendinga bekrefta den indre frykta for kva livet vil føre med seg av farer og utfordringar.

Den som går med frykta får som regel bekrefta at det er god grunn til bekymring. Som til dømes då han fekk konstatert lungekreft – og hadde det i 24 timar – før det viste seg at det var ein annan sitt røntgenbilde. Den største frykta er likevel å bli galen og at psykiateren skal seie han er klin kokos. Men da han først blei innlagt, viste det seg at psykiatrisk avdeling var den tryggaste staden å vere.

LYS I MØRKRET
I soloframsyninga Det går betre no viser Tjøstheim ei ny side, og fortel personlege historier frå sitt ytre og indre liv. Som presteson med vaklande gudstro er håpet at englar skal komme for å redde han når livet er på sitt aller mørkaste. Englar med vinger, eller berre med kvit frakk. Men heldigvis, det går betre no. – Eller gjer det eigentleg det?

HUMOR-TEAM BAK
Bjarte Tjøstheim er kjend for dei fleste gjennom P3-programmet Radioresepsjonen, der han har vore i trekløver med brørne Sagen gjennom ei årrekkje. Den yngre generasjonen kjenner han som faren i julekalenderen Julekongen. Han har også vore delaktig i ein heil del andre radio- og TV-program, mellom andre Underholdningsavdelingen og TV-serien Presten på NRK. I 2014 vann han publikumsprisen som Årets morsomste under Komiprisen. Med Det går betre no debuterer han både på teaterscenen og som dramatikar. Bak han står ein annan moromann: Thomas Giertsen har lang erfaring både som skodespelar og standupkomikar på skjerm og scene, i tillegg til at han har regissert ei rad med sceneframsyningar og TV-program. Men det er første gongen han er ved Det Norske Teatret.

25

Jan

2020

Bjarte Tjøstheim

lør. 19.00

OLAVSHALLEN - Trondheim

OLAVSHALLEN

Trondheim

Hvorfor velge Showpakker.no
De beste billettene
De beste billettene

Vårt tette samarbeid med scenene gir deg gode plasser i salen.

De beste hotellene
De beste hotellene

Våre hotell er håndplukket for å gi deg topp komfort og kortest vei til scenene.

De beste prisene
De beste prisene

Våre showpakker gir inntil 25% rabatt på hotell og 10% på billettene.

Andre populære Trondheim