Tryllefløyta - | Showpakker.no Hopp til hovedinnhold
Promobilde for Tryllefloeyta Det Norske Teatret hotellpakke med billetter

Tryllefløyta



Sted: Det Norske Teatret

Periode: -

SHOW & HOTELL PR PERS. FRA 1265,-

BESTILL SHOWPAKKE

Tryllefløyta får premiere 23. april på Det Norske Teatret. Sikre deg hotellpakke med billettar no!

Sjå Mozarts klassiske meisterverk i ei fortrollande og fantasirik oppsetjing!

Tryllefløyta er både eit eventyr, ein romantisk komedie og eit syngespel på ei og same tid. Vi møter ein vakker prins, ei fanga prinsesse, eit monster, ein tilsynelatande vond trollmann, fuglefangaren Papageno og sjølvaste Nattas dronning – og det blir mange forviklingar og humoristiske innslag. Regissør Ole Anders Tandberg har tidlegare sett opp ein versjon ved Stockholmsoperaen, full av opptrinn og overdådige scenebilde. Framsyninga blei hylla av kritikarane og trekte eit stort publikum. No skal Tandberg skape ein ny versjon for Det Norske Teatret, i det som vil bli ei feiring av Mozarts livfulle og morosame klassikar.

Det handlar om krafta i kjærleiken og musikken, om kampen mellom det gode og det vonde og om å finne sin veg i livet.

Tryllefløyta på Det Norske Teatret?
Det er kanskje ikkje den mest opplagde tittelen i eit teaterrepertoar, men så er det heller ikkje ei rein operaframsyning som tek form på Hovudscenen til våren. Utgangspunktet for verket var nettopp teaterscenen. Mozart og kompanjongen Schikaneder skreiv faktisk stykket for eit folkeleg teater som eit humoristisk syngespel. Verket har vore elska av publikum og kunstnarar over heile verda heilt sidan det blei skrive i 1791, og inneheld nokre av dei absolutt mest kjende «opera-hitane». Sjølv dei som ikkje reknar seg for å kunne noko særleg om klassisk musikk, vil kunne nikke attkjennande til mange av musikkstykka i Tryllefløyta. Ingmar Bergman omtalte jamvel verket som «verdas beste musikal». Opphavleg blei Tryllefløyta framført på komponistens morsmål, for at det skulle appellere til eit folkeleg publikum, med songarar og skodespelarar side om side. I denne versjonen er det eit reint skodespelarensemble som skal få bryne seg på Mozarts velkjende tonar. Musikken vil få ny orkestrering under leiing av Trond Lindheim.

22

Apr

2023

Tryllefløyta

lør. 17.30

Det Norske Teatret - Oslo

Det Norske Teatret

Oslo

29

Apr

2023

Tryllefløyta

lør. 17.30

Det Norske Teatret - Oslo

Det Norske Teatret

Oslo

12

Mai

2023

Tryllefløyta

fre. 19.30

Det Norske Teatret - Oslo

Det Norske Teatret

Oslo

Vis flere datoer >>

Hvorfor velge Showpakker.no
Gode billetter
Gode billetter

Vårt tette samarbeid med scenene gir deg gode plasser i salen.

De beste hotellene
De beste hotellene

Våre hotell er håndplukket for å gi deg topp komfort og kortest vei til scenene.

De beste prisene
Rimelige pakkepriser

Våre showpakker sikrer deg gunstige priser.

Andre populære Oslo