Romeo og Julie. Kjøp billetter & hotell i Oslo - Showpakker.no Hopp til hovedinnhold
Promobilde for Romeo og Julie Det Norske Teatret hotellpakke med billetter

Romeo og Julie



Sted: Det Norske Teatret

Periode: -

Pris: Billett og hotell pr pers. fra kr 1120,-

START DIN BESTILLING

Gode billetter

De beste hotellene

Rimelige pakkepriser

Enkel bestilling

Romeo og Julie får premiere 13. januar på Det Norske Teatret. Kjøp komplett pakke med billetter og hotell no!

Nesten 40 år etter at dei stod på scenen saman som Romeo og Julie, møtest Svein Tindberg og Liv Bernhoft Osa igjen i dei same rollene. I bagasjen har dei nesten ein heil menneskealder av erfaring både med kjærleiken, kunsten og livet sjølv. Dette blir også den siste rolla til Tindberg som fast tilsett skodespelar ved Det Norske Teatret.

Den udøyelege kjærleikshistoria til William Shakespeare er den same som sist, likevel blir mykje annleis no når alder er snudd på hovudet: Dei eldste er tenåringar, og dei yngre skodespelarane fyller dei vaksne rollene. Kva hender når to som er eldre, spelar rollene som dei vilt forelska tenåringane Romeo og Julie?

På scenen med skodespelarensemblet er også musikar og artist Bendik (Silje Halstensen). Bendik har mellom anna vore nominert til årets liveartist under P3 Gull, har tre gonger vore nominert til Spellemannprisen i sjangrane årets indie og årets popartist, og i 2017 vann ho NOPAs tekst- og musikkpris. Til Romeo og Julie vil ho både omarbeide eige og andre sitt materiale, og også komponere nytt. Regien er ved Erik Ulfsby og scenografien ved Milja Salovaara.

Kort om Romeo og Julie
Romeo av huset Montague og Julie av huset Capulet er begge ungdomar frå overklassen, men kjenner ikkje kvarandre da handlinga tek til. Julie lever eit beskytta liv og veit ikkje mykje om verda utanfor husmurane. Familiane til dei to har lege i krig så lenge nokon kan hugse, ingen veit lenger kvifor, men miljøet rundt dei er prega av brutalitet og maktspel. Midt i valden og blodutgytinga finn Romeo og Julie kjærleiken. I kvarandre oppdagar dei eit anna menneske som forstår og godtek dei for den dei er. At dei to ikkje kan få kvarandre, gjer berre tiltrekkinga sterkare. Og farlegare. Forelskinga blir ei flukt frå den harde verkelegheita dei er vane med, og eit opprør mot foreldra – ei hemmeleg og giftig pakt som nesten ingen andre veit om.

Hvorfor velge Showpakker.no
Gode billetter
Gode billetter

Vårt tette samarbeid med scenene gir deg gode plasser i salen.

De beste hotellene
De beste hotellene

Våre hotell er håndplukket for å gi deg topp komfort og kortest vei til scenene.

De beste prisene
Rimelige pakkepriser

Våre showpakker sikrer deg gunstige priser.

Andre populære Oslo