Lazarus av David Bowie | DNT i Oslo | Kjøp billett & hotell - Showpakker.no Hopp til hovedinnhold
Promobilde for Lazarus med musikk av David Bowie på Det Norske Teatret
PRIS FRA 1085,-

Per person dobbeltrom 1 natt, frokost og billett


2 personer / 1 rom

Lazarus



Sted: Det Norske Teatret

Periode: -

SHOW & HOTELL PR PERS. FRA 1085,-

BESTILL SHOWPAKKE

Musikalen "Lazarus" er ei av David Bowies siste gåver til fansen. Den er basert på filmen The man who fell to earth, med 18 av dei finaste låtane til Bowie.

Terningkast 6

"En magisk happening" (VG)

Terningkast 6

Aftenposten

Terningkast 5

"En opplevelse helt utenom det vanlige" (Dagsavisen)

På same tid som David Bowie arbeidde med avskjedsalbumet sitt Blackstar, skreiv han saman med Enda Walsh musikalen Lazarus som hadde premiere i New York knappe to månadar før popikonet gjekk bort. Med Lazarus trekker han ein musikalske boge frå Blackstar tilbake til den musikalske starten og den skakke science-fiction-filmen The man who fell to earth, der Bowie sjølv spelte hovudrolla i 1976.

Thomas Newton, ein utanomjordisk karakter, er sendt til jorda for å leite etter vatn til den uttørka planeten han kjem frå. I møte med det umenneskelege blant dei jordiske, knekk han saman. 40 år seinare er han framleis på jorda, dømt til evig liv og forsøker å drukne spøkelsa frå fortida i gin. Dette lykkast han ikkje med, og medan han lengtar etter forløysing, vekslar han mellom verkelegheita og sinnsforvirring. Det handlar om kjærleik og tap av kjærleik, om einsemd og om å kjenne seg framand. Han møter unge jenter, lengtande kvinner og slue menn, men det heile går berre føre seg i sinnet til Newton sjølv. Lazarus er ein poetisk lengt etter døden – med følge av 18 sterke låtar frå Bowies rike katalog.

David Bowie var ein meister i forvandling, i fornying og i å skape karakterar som prega musikkscenen frå 60-talet fram til hans siste musikkvideo. Look up here, I’m in heaven, syng han profetisk frå sjukesenga, 3 dagar før han gjekk ut av tida. Han som formidla kunsten sin gjennom ulike figurar som Ziggy Stardust, Major Tom, Aladdin Sane og Thin White Duke, sørgde for at teateret fekk del i denne arven gjennom musikalen Lazarus.

Anders T. Andersen skal ha regien på Lazarus, som sidan premieren i november 2015 også har vore spelt i London og i ulike tyskspråklege byar. Med seg har han eit songsterkt ensemble på 8, og eit orkester på 7. Olav Myrtvedt har ansvar for scenografien og Dagny Drage Kleiva for kostyma.

20

Des

2019

Lazarus

fre. 20.30

DET NORSKE TEATRET - Oslo

DET NORSKE TEATRET

Oslo

02

Jan

2020

Lazarus

tor. 20.00

DET NORSKE TEATRET - Oslo

DET NORSKE TEATRET

Oslo

03

Jan

2020

Lazarus

fre. 20.30

DET NORSKE TEATRET - Oslo

DET NORSKE TEATRET

Oslo

Vis flere datoer >>

Hvorfor velge Showpakker.no
De beste billettene
De beste billettene

Vårt tette samarbeid med scenene gir deg gode plasser i salen.

De beste hotellene
De beste hotellene

Våre hotell er håndplukket for å gi deg topp komfort og kortest vei til scenene.

De beste prisene
De beste prisene

Våre showpakker gir inntil 25% rabatt på hotell og 10% på billettene.

Andre populære Oslo