The Book of mormon - Oslo | Showpakker.no Hopp til hovedinnhold
Promobilde for The book of mormon det norske teateret
PRIS FRA 1220,-

Per person dobbeltrom 1 natt, frokost og billett


2 personer / 1 rom

The book of mormon



Sted: Det Norske Teatret

Periode: -

SHOW & HOTELL PR PERS. FRA 1220,-

SE HOTELL OG PRISER

The Book of Mormon er musikalen alle har ønska seg til Det Norske Teatret i Oslo. Og for ein suksess det har blitt!

Terningkast 6

VG - Gjennomført profesjonell og presis oppsetting på absolutt alle nivå!

Terningkast 5

DB - Showfaktoren er himmelhøy!

Terningkast 5

Aftenposten - Grenseløst frekt og uimotståelig morsomt!

The Book of Mormon er ein overraskande og satirisk musikal om religion, som har sprengt alle grenser for kva ein kan tulle med – og komme unna med. Men så er det ikkje kven som helst som har signert verket. Trey Parker og Matt Stone har i årevis utfordra alle religionar, ideologiar og tankesett gjennom serien og filmen South Park. Ingenting er for heilagt for denne duoen.

Mange har hatt ein ung, velkledd og hyggeleg mormonar på døra. Men få har slept han inn. Det gjer vi. Med Vidar Magnussen som debutant i registolen følgjer vi to unge misjonærar på sitt fyrste utanlandsopphald. Dei blir sende til Uganda. Utfordringane er langt større enn dei kunne førestille seg. Der dei håpa å kunne spreie ordet om den viktige boka som vil gi deg eit betre og meir opplyst liv, møter dei eit lokalsamfunn som strir med aids, svolt, omskjering og lokale krigsherrar. Møtet blir mildt sagt ein kulturkrasj, men ein mormonar gir aldri opp. Og han trur – også på det mest usannsynlege.

– Eit ateistisk kjærleiksbrev til ein religion, har skaparane av The Book of Mormon kalla musikalen. Intensjonen var aldri å gjere narr av mormonarane. Det kunne like gjerne ha handla om ein annan religion. Dei vaks opp i Colorado, kjente mange mormonarar og dei elska musikalar.

– Mormonarar er så glade, så det måtte bli ein glad musikal av dette, seier dei. – Og så har dei jo ein heilt eigen skapelsesberetning. Ein klassisk musikalformel med eit alt anna enn klassisk plot var altså arbeidsformelen. Å finne humor i det fornærmande og likevel gjere det med varme, er grunnen til at sjølv mormonarkyrkja har femna om musikalen og til og med kjøpt annonsar i programmet.

For som vi vil oppleve på scenen, så lenge du trur, er det ikkje fullt så viktig kva du trur på. Eller kva som eigentleg står i den boka.

The Book of Mormon hadde premiere på Broadway i 2011, og blei sett opp på West End to år seinare. Framsyninga trekker framleis fulle hus både i New York og London, og er no endeleg klar for eit norsk publikum.

Varighet: Ca 2 timar og 30 minutt (inkl. pause)

I hovudrollane: Frank Kjosås og Kristoffer Olsen
Regi: Vidar Magnussen

Velkomen til ein festkveld med The Book of Mormon på Det Norske Teatret i Oslo!

20

Des

2018

The book of mormon

tor. 20.00

DET NORSKE TEATRET - Oslo

DET NORSKE TEATRET

Oslo

22

Des

2018

The book of mormon

lør. 18.00

DET NORSKE TEATRET - Oslo

DET NORSKE TEATRET

Oslo

27

Des

2018

The book of mormon

tor. 20.00

DET NORSKE TEATRET - Oslo

DET NORSKE TEATRET

Oslo

Vis flere datoer >>

Hvorfor velge Showpakker.no
De beste billettene
De beste billettene

Vårt tette samarbeid med scenene gir deg de beste plassbillettene.

De beste hotellene
De beste hotellene

Våre hotell er håndplukket for å gi deg topp komfort og kortest vei til scenene.

De beste prisene
De beste prisene

Våre showpakker gir inntil 25% rabatt på hotell og 10% på billettene.

Andre populære Oslo