I svarte skogen inne. Kjøp billetter & hotell i Bergen Hopp til hovedinnhold
Promobilde for I svarte skogen inne hotellpakke med billetter

I svarte skogen inne



Sted: Det Vestnorske Teateret

Periode: -

SHOW & HOTELL PR PERS. FRA 1075,-

BESTILL SHOWPAKKE

«I svarte skogen inne» av Jon Fosse får premiere i Bergen 11. mai. Sikre deg hotellpakke med billattar no!

Jon Fosse har skrive eit heilt nytt skodespel for Det Vestnorske Teateret og Det Norske Teatret i Oslo. 
11. mai vert det urpremiere i Bergen og det nye skodespelet vert ein del av programmet til Festspillene i Bergen.  I september vert stykket spelt under Den internasjonale Fossefestivalen på Det Norske Teatret.

Ein ung mann set seg i bilen og køyrer avgarde, så langt han kjem, innover ein traktorvei, forbi nedlagte gardsbruk og mørklagde hytter- til han køyrer seg fast med bilen. Så får den unge mannen det for seg at han kan gå inn i den mørke skogen for å finna hjelp.
«I svarte skogen inne» er eit eksistensielt spenningsdrama om einsemd, lengsel, avmakt og skam. Det er ei mektig forteljing om å gå seg vill, i skogen, som i livet. For som den unge mannen seier: «Eg finn aldri fram til noko. Ikkje til bilar, ikkje til folk»
«I svarte skogen inne» blir sett opp av Miriam Prestøy Lie. Saman med scenograf Dagny Drage Kleiva og lysdesignar Arne Kambestad, lar ho stykket utspele seg i eit omsluttande scenerom der publikum sjølv vert ein del av scenografien. Komponist Sjur Miljeteig framfører sjølv musikken frå scenen. 
Jon Fosse er ein av dei største nolevande dramatikarane. Han kjem frå Strandebarm i Hardanger, og sjølv om mange kjenner igjen det typiske vestnorske i hans verk, så skriv han om store universelle tema som menneskelege relasjonar og om liv og død, som folk i alle verdsdelar kan relatere seg til. I dag blir teaterstykka til Jon Fosse spelte over heile verda.
Fosse har skrive dramatikk sidan tidleg i 1990-åra og eit Fosse-stykke vart uroppført første gong i 1994. Internasjonalt er Fosse mest kjend som dramatikar, og han har skildra å skriva dramatikk som den største openberringa i sitt forfattarliv. Han har skrive over 30 teaterstykke, til dømes «Nokon kjem til å kome», «Namnet», «Vinter», «Ein sommars dag», «Draum om hausten», «Dødsvariasjonar», «Svevn» og «Eg er vinden». 

Urpremieren på «I svarte skogen inne» vert den 31. urpremieren på eit heilaftans teaterstykke frå Jon Fosse.
Kunstnarleg lag 
Med: Karl Vidar Lende, Reidun Melvær Berge, Arnhild Litlere, Svein Roger Karlsen og Sjur Miljeteig (musikar).
Regissør: Miriam Prestøy Lie.
Scenograf og kostymedesign: Dagny Drage Kleiva. 
Lysdesign: Arne Kambestad.
Musikk: Sjur Miljeteig

Produsert av Det Vestnorske Teateret og Det Norske Teatret i samarbeid med Festspillene i Bergen.
Det visuelle uttrykket til framsyninga (plakaten) er laga av kunstnar Nikolai Torgersen

 

12

Mai

2023

I svarte skogen inne

fre. 19.00

Det Vestnorske Teateret - Bergen

Det Vestnorske Teateret

Bergen

13

Mai

2023

I svarte skogen inne

lør. 18.00

Det Vestnorske Teateret - Bergen

Det Vestnorske Teateret

Bergen

19

Mai

2023

I svarte skogen inne

fre. 19.00

Det Vestnorske Teateret - Bergen

Det Vestnorske Teateret

Bergen

Vis flere datoer >>

Hvorfor velge Showpakker.no
Gode billetter
Gode billetter

Vårt tette samarbeid med scenene gir deg gode plasser i salen.

De beste hotellene
De beste hotellene

Våre hotell er håndplukket for å gi deg topp komfort og kortest vei til scenene.

De beste prisene
Rimelige pakkepriser

Våre showpakker sikrer deg gunstige priser.

Andre populære Bergen