Showpakker - HEIM 4 Det Vestnorske Teateret 2022 hotellpakke med billetter Hopp til hovedinnhold
Promobilde for HEIM 4 Det Vestnorske Teateret 2022 hotellpakke med billetter
PRIS FRA 965,-

Per person dobbeltrom 1 natt, frokost og billett


2 personer / 1 rom

HEIM 4 - DET VESTNORSKE TEATERET I BERGEN 2022



Sted: Det Vestnorske Teateret

Periode: -

SHOW & HOTELL PR PERS. FRA 965,-

BESTILL SHOWPAKKE

Suksessen fortset! HEIM 4 får premiere på Det Vestnorske Teateret i Bergen 26. januar 2022. På scena står ingen ringare enn Claus Sellevoll, Sigrid Moldestad, Sigurd Sele, Reidun Melvær Berge, Katrine Dale, Paal Herman Ims og Voksne Herrers Orkester.

HEIM 1 blei ein gedigen suksess med strålande kritikkar, utselde hus og mange ekstraforestillingar. Bergensavisen gav terningkast seks og konkluderte med at «Det er bare å ta av seg hatten». Bergens Tidende oppsummerte det slik: «HEIM skriv seg inn i sjela til vestlendingen» og trilla terningen til fem. Dei to neste kapitla av denne Vestlandskrønika, HEIM 2 og 3, fekk også varm mottaking.
 
Vinteren 2022 tar Det Vestnorske Teateret fatt på det fjerde kapittelet. Vi vitjer denne gong åra mellom 1995 og 2005, til hendingane som skaka eller mora oss, stadar vi kjenner og songar vi hugsar.
 
Dette er tiåret der Kurt Nilsen vinn Idol, Kronprinsen får si Mette Marit og vi lærer oss å flørte på mobiltelefon. Det er også tiåret då Sleipner går på grunn, Prinsesse Diana døyr i bilulukke, og etter 9/11 må vi venne oss til lange sikkerheitskontrollar på flyplassen. Vi skal vitje tida der Reality-TV og Boyband dominerte, «alle» ville ha frisyren til Rachel og frykta for ny teknologi tok overhand. Vil datamaskinene takle millenniumskiftet og korleis feire ei slik nyttårsaftan? Og kva med u-båten på Fedje, skal den hevast eller senkast? 
 
I HEIM 4 inviterer vi til å minnast dei gode og dei vonde dagane i lag. Vi skal gjenoppleve musikken som var lydsporet til desse dagane med «Voksne herrers orkester». Bli med oss til gledelege gjensyn og treffande ettertanke. Bli med oss HEIM.  
 
Eit sterkt lag av vestnorske stemmer står bak tekstane: Selma Lønning Aarø, Finn Tokvam, Frode Grytten, Irene Kinunda Afriyie, Marie Amdam, Marit Eikemo, Pedro Carmona-Alvarez , Olaug Nilssen, Marie Amdam og Ruth Lillegraven og Erlend Nødtvedt
 
Regi: Teatersjef Solrun Toft Iversen
 
Dette blir ein kjempefest og ei forestilling du garantert må få med deg i Bergen i 2022. Sikre deg komplett pakke med billettar og hotellovernatting no!

 

HEIM 4 - BILLETTER & HOTELL

28

Jan

2022

HEIM 4

fre. 19.00

Det Vestnorske Teateret - Bergen

Det Vestnorske Teateret

Bergen

29

Jan

2022

HEIM 4

lør. 18.00

Det Vestnorske Teateret - Bergen

Det Vestnorske Teateret

Bergen

04

Feb

2022

HEIM 4

fre. 19.00

Det Vestnorske Teateret - Bergen

Det Vestnorske Teateret

Bergen

Vis flere datoer >>

Hvorfor velge Showpakker.no
Gode billetter
Gode billetter

Vårt tette samarbeid med scenene gir deg gode plasser i salen.

De beste hotellene
De beste hotellene

Våre hotell er håndplukket for å gi deg topp komfort og kortest vei til scenene.

De beste prisene
Rimelige pakkepriser

Våre showpakker sikrer deg gunstige priser.

Andre populære Bergen