Amadeus. Kjøp billetter & hotell i Bergen - Showpakker.no Hopp til hovedinnhold
Promobilde for Amadeus Det Vestnorske Teateret hotellpakke med billetter

Amadeus-billetter & hotell i Bergen



Sted: Det Vestnorske Teateret

Periode: -

Pris: Billett og hotell pr pers. fra kr 1085,-

START DIN BESTILLING

Gode billetter

De beste hotellene

Rimelige pakkepriser

Enkel bestilling

Amadeus får premiere 8. september på Det Vestnorske Teateret. Sikre deg hotellpakke med billettar no!

Terningkast 5

Glimrende skuespill i «Amadeus» (BA)

Hausten 2023 kan du endeleg oppleve det storslåtte dramaet om geniet Mozart og hoffkomponisten Salieri på Det Vestnorske Teateret i Bergen! "Amadeus" blir stadig vekk spelt på teater i ulike delar av verda og er blitt ein klassikar på høgde med dei mest kjende teaterstykka. Mange har også gode minner frå Milos Formans filmversjon av «Amadeus», som vann heile åtte Oscar-prisar i 1985, inkludert beste film og beste mannlege hovudrolle.

Teaterstykket Amadeus tek utgangspunkt i eit rykte som har vore levande sidan tidleg på 1800-talet: At Mozart vart myrda av komponisten Salieri (!) I Peter Shaffers fantastiske manus møter vi Salieri dagen han skal døy. Samvitet og angeren riv i han: Han drepte Mozart! Den djupt religiøse Salieri kan ikkje forstå kva Gud ville då han lot han møte den geniale, men samstundes riv hakkande gale, plumpe og barnlege Mozart. For kvifor har Gud gitt Mozart gåva å lage gudommeleg musikk, og ikkje han?

Når Det Vestnorske Teateret no bringer den klassiske musikken tilbake til sin unike hovudscene i Bergen, så kan du vente deg flotte kostyme, og stor skodespelarkunst frå eit kruttsterkt ensemble, med to gongar Heddapris-vinnar Torbjørn Eriksen i rolla som Amadeus. 

– Denne har eg hatt lyst til å gjera i mange år. Her skal me verkeleg ta tak i den fantastiske hovudscena vår og rommets historie. Publikum skal sitja motsett veg og sjå mot galleriet, me bruker vindauga og det som er, seier teatersjef Thomas Bye til Bergens Tidende.

Bak det heile ligg den geniale og ubeskrivelege musikken til Wolfgang Amadeus Mozart. 
I Amadeus-versjonen du får sjå i Bergen vil den danske musikaren Klaus Risager lydleggje nærast heile framsyninga på sitt spesialbygde piano; tru oss - du har aldri sett eller høyrt makan! 

Velkommen til ei herleg teaterframsyning som famnar fleire av dei verkeleg store, evige tema; som sjalusi og kjærleik, hevn og anger, tru og tvil! På scena står skodespelarane Torbjørn Eriksen, Svein Harry Schöttker Hauge, Reidun Melvær Berge, Lina Taule Fjørtoft, Sigmund Njøs Hovind, Kasper Skovli Botnen. 

Av: Peter Shaffer
Regi: Hans Henriksen
Scenografi og lysdesign: Edward Pierce
Kostymedesign: Camilla Bjørnvad
Lyddesign/musikar: Klaus Risager
Dramaturg: Aslak Moe

 

AMADEUS - DET VESTNORSKE TEATER 2023

Hvorfor velge Showpakker.no
Gode billetter
Gode billetter

Vårt tette samarbeid med scenene gir deg gode plasser i salen.

De beste hotellene
De beste hotellene

Våre hotell er håndplukket for å gi deg topp komfort og kortest vei til scenene.

De beste prisene
Rimelige pakkepriser

Våre showpakker sikrer deg gunstige priser.

Andre populære Bergen