Meld deg på nyhetsbrev





Populære arrangementer

Klypa

20.10.2017 - 16.12.2017

Ricks Teater (Se kart)



pr. person i dbl.rom
inkl. billett, rom og frokost

2-retters middag inkl. på Neptun. Fra 17.11 er Varm Julematbuffet med dans inkludert.


Scandic Neptun kr 1285 / 1605
Scandic Byparken kr 995
Telefonbestilling:

Mandag - Fredag 09 - 16

Bergen

Klypa - Ricks Teater

Kjellen - Med Prostata Mot Stjernene.


Ventetida er endelig over! Klypa og Kjell «Kjellen» Bigset ladar kanonene og sprengjer ut eit splitter nytt humorshow i Bergen.

 

Med Kjellen i hovudrolla og i fri dressur, er det duka for eit skikkelig oppgjer med det moderne liv. Gjennom Kjellen sine auge får vi eit unikt skråblikk på den til tider vanskelege reisa gjennom livet. Her vil nok dei fleste kjenne seg att. Vi får sjølvsagt også helse på livssnyltaren Palle, saman med eit par heilt nye ansikt i Klypa-universet.

 

Thomas Ryste har i denne runda fått med seg den «steikje fine» Ørjan Liavåg som regissør, musikkprodusent og sparringpartner på tekst. Liavåg har lang erfaring i humor-bransjen, og har samarbeidd med artistar som Marit Voldsæter, Ina Breivik, Fredrik Steen og Christine Hope. -Å få jobbe med Klypa er først og fremst veldig artig, og humoren treff meg midt i sunnmørshjartet, seier Liavåg.

 

Den folkelege, rett-på-sak Klypahumoren har vorte allemannseige landet rundt, og ein sikker vinnar i sosiale medier. Over heile Norge tar folk seg eit lite friminutt og ein god latter når Kjellen legg ut nye sprell på nettet. Showa dreg fulle hus frå nord til sør, til glede for mange hundre tusen publikummarar. 

 

I showet «Med Prostata Mot Stjernene» kan du glede deg til nye hysteriske augneblink, med Kjellen som dirigent, nyforelska og i sitt livs form!


Rett og slett Meeeeget oppegåande!

 

Show & Teater i Bergen


Konserter i Bergen